Ny kunnskap om midtlaktasjonsmjølkefeber
Midtlaktasjonsmjølkefeber (MLM), er definert som et plutseleg og uventa tilfelle av lågt kalsiumnivå i blodet utan synlege teikn på andre sjukdommar. Det ser ut til å vera eit aukande problem i mjølkebuskapar i Nord Europa.
.png)
Niels Bastian Kristensen fra Aarhus universitet meiner at genetikken ligg i botn når det gjeld MLM. Figuren viser i tillegg faktorar han meiner kan spela ei rolle for utvikling av sjukdommen. Når det sviktar på eit eller anna vis her aukar sjansen for “at huset fell”, kua vert sjuk.
Kristensen fortel at planen for 2025/2026 er å setja i gang eit stort landsdekkande forskingsprosjekt i Danmark for å få svar på fleire av spørsmåla rundt MLM. Det er særleg samanhengen rundt magnesium si rolle og hypotesa rundt kroppen sin reaksjon på ein betennelsestilstand (cytokinhypotesa) ein ynskjer å finna ut meir om.
Jerseykyr har generelt vore meir utsett for MLM samanlikna med store rasar med om lag tre tilfelle per 100 laktasjonar. I løpet av dei siste ti åra ser det ut til å ha vorte eit aukande problem også i buskapar med Viking Raud, Holstein og kryssingskyr av mjølkerasar.
Kan vera heilt uventa kyr som vert råka
.jpg)
Jerseykrysning. Jersey og jerseykrysningar er meir utsette for MLM.
Foto: Inga Skretting
Niels Bastian Kristensen frå Aarhus Universitet heldt eit interessant innlegg på Dansk Kvægkongres i slutten av februar der han formidla ny kunnskap om MLM. Han presiserte at ein ennå ikkje veit nok til å førebyggja sjukdommen. I forsøket han presenterte kom det fram nokre funn som viser ulike faktorar som kan spela ei rolle for sjukdommen.
MLM råkar ofte utan førevarsel og det kan vera heilt uventa kyr som vert råka. Dei har generelt ikkje vist symptom før dei fell og ikkje er i stand til å reisa seg. Medan det er fagleg semje om kalsiummangel som årsak til klassisk mjølkefeber er det ikkje det rundt MLM.
Dansk Jersey og Tobias Volhøj, som arbeider ved Vendsyssel Landdyrlæger, har teke ut blodprøvar på kyr som er behandla for MLM. Det er teke ut prøvar frå 20 tilfelle i 11 buskapar. Resultata frå sjuke kyr er samanlikna med 44 prøver frå tilfeldige friske kyr frå fire buskapar.
Lågt kalsium — høgt magnesium
Blodprøvar av kalsium viste at dei sjuke kyrne hadde enten svært lågt nivå (14 kyr) eller lågt-normal (6 kyr). Kontrollgruppa hadde normalt nivå. Motsett hadde dei sjuke dyra høgare nivå av magnesium enn dei friske. Dette er det same som ein ser i vanleg mjølkefeber
PTH (parathyreoideahormon) er den viktigaste regulatoren av nivået av kalsiumioner i blodet. På friske menneske er det vist at dersom kalsiuminnhaldet er under eit visst nivå frigjer kroppen PTH som ein så kan måla i blodet. Ein hadde difor forventa å finna høgare nivå av PTH i blodet til sjuke dyr, men blodprøvane viste ingen skilnad mellom sjuke og friske dyr.
Betennelsesreaksjon forstyrrar kalsiumsensor
.png)
Lommeinstrument målar kalsium. Om kua faktisk har atypisk mjølkefeber kan dyrlegen no finna ut med eit enkelt lommeinstrument. Det nye er at ein kan måla det aktive (ioniserte) kalsiumet i ein blodprøve. Prosessen tek nokre minutt og instrumentet skal gje svært pålitelege resultat dersom ein er nøyaktig.
Foto Niels Bastian Kristensen
Cytokin er signalmolekyl som hjelper til å kontrollera immunsystemet og bekjempa sjukdom. Dei liknar hormon. Cytokin formidlar signal mellom celler og desse signala har effekt på andre celler.
Ein hypotese er at dyret sin respons med cytokin på ein betennelsesreaksjon kan forstyrra kalsiumsensoren. Det kan forklara lågt kalsiumnivå i blodet utan at det vert ein PTH respons, slik som ein fann i dei sjuke kyrne. Blodprøvane viste at kyrne i akuttfasen hadde ein respons på ein betennelsestilstand i kroppen, men det er ikkje mogleg å seia om det kom før eller etter kliniske teikn på atypisk mjølkefeber.
Kristensen meiner at cytokinhypotesen gjer ein forklaringsmodell på tvers av mange scenario som kan utløysa MLM, til dømes akutt e-colimastitt, stress og forgiftingar.
Samanheng med fôringstidspunkt
Atypisk mjølkefeber har nokre gonger kome i samanheng med fôringstidspunkt. Kyr kan ikkje kjenna kalsiumstatus. Kyr seint i laktasjonen har stor fôropptakskapasitet og store kroppsreservar samanlikna med produksjonen. Dei er i utgangspunktet i positiv kalsiumbalanse, og ein reknar med at kalsium frå knoklane vert seinare mobilisert. Særleg i ein situasjon der det vert fôra ein gong i døgnet kan ein tenkja seg at dersom kyrne ikkje tykkjer fôret som er att på fôrbrettet er freistande nok kan dei venta med å eta til det kjem friskt og meir appetittleg fôr. Det kan vera ein god strategi utanom den dagen dei først går tomme for kalsium. Blodprøvane viste at kalsiumnivået svinga ganske mykje gjennom døgnet, med lågast nivå etter mjølking. Forsøk med tilsetting av kalk i rasjonen gav ikkje skilnader i fôropptak eller mjølkemengd. Kalsiuminnhaldet svinga ennå gjennom døgnet, men med mindre utslag. Det som derimot var tydeleg var at magnesiuminnhaldet i blodet var lågare og hadde mindre variasjon med kalktilsetting. Tilsetting av kalk i fôret viste også buffereffekt i urin, med høgare pH.
Kan feittinnhaldet spela ein rolle?
Tidlegare forsøk har vist at tilsetting av feitt i ein feittfattig rasjon reduserte tilfella av MLM, så ein kan ikkje utelukka at feittinnhaldet i rasjonen spelar ei rolle for å utløysa sjukdommen.